SLETTEN FJELLGARD

Garden ligg i Folldal kommune, 800 meter over havet, med Dovrefjell og Rondane som nære grannar. Garden er i full drift med ca 200 vinterfora sauer. I tillegg har det sidan 1950 vore drivi med turistar her. På denne måten har det vore levebrød for to generasjonar av familien Sletten. I dag er det sonen Eirik, saman med kona Åshild og tre ungar driv turistverksemda, medan Anne og Hans er pensjonistar. Gjennom åra har vi fått mange gjester som kjem att gong etter gong for å oppleve den vakre og lett tilgjengelege naturen vi har.

RONDANE - DOVREFJELL

Vi ligg relativt sentralt til i forhold til nasjonalparkane Rondane og Dovrefjell. Det er også fleire andre verna område som våtmarker og kvartærgelogiske område i nærleiken. Flora og fauna i dei verna områda er godt kjent, men det er like interessante områder utafor.

FjellsmelleTURTERRENG

Når det gjeld turterreng så er det av de beste som finst både sommar og vinter. Frå garden og opp til snaufjellet er det ca 3 km med glissen fjellskog.
Pga det tørre klimaet er terrenget tørt og fint å gå i, med svært få myrer. Det er frå gammalt eit bra nett med stigar, og nokre av desse er merka. DNT ruta mellom Grimsdalen og Kongsvoll/Orkelsjøhytta går forbi her. Terrenget er relativt lett, utan for bratte opp/nedstigninger.

I fjella rundt her er det fleire opne buer som er høvelege turmål, og der det er fint å gå inn og kvile og eventuelt koke kaffe el.

 

SnøhettaFOTTURPROGRAM

I tillegg til å ha fint turterreng for dei som vil gå på eiga hand arrangerar vi fotturar med turleiar med hovudvekt på naturoppleving.

Turprogram:
Turprogram: 4 ulike dagsturar pr veke. Turane er tilpassa kva som er aktuelt til kvar tid, derfor litt ulike turar først og sist på sommaren. Når det er plass kan ein også delta på enkelt-turar. I turprisen er inkludert turleiing og nødvendig skyss i samband med turen.

Deltakarane må sjølve ha med personleg utrustning, bl.a. dagstursekk og nok klær i tilfelle dårleg vær, dvs genser, regntøy, lue og votter. Dei som har, bør ta med kikert. Best egna skotøy er fjellstøvlar.

> Turane går i Rondane og Dovrefjell med sin rike flora og fauna, og vi ser på alt som kjem i vår veg, bl.a: * Moskusdyr * Våtmarker med rikt fugleliv * Interessante kvartærgeologiske områder * Kulturminner * Lett isbrevandring * Kjente botaniske områder. Lengda på turane er frå 5 til 16 km.

VINTER

Vinteren er kanskje den finaste tida vi har. Med stabilt tørt og kaldt klima. Skiterrenget er fint, lett og ufarleg. Vi har tilknytting til ca 100 km med oppkøyrte løyper i Folldal. Elles er det slik at i snaufjellet kan du praktisk talt gå over alt utan hensyn til om det er løyper eller ikkje.